Forskingskonferansen 2011: Tre vinnarar, to prisar

Helse Vest sin Innovasjonspris gjekk til Helga Salvesen og Lars A Akslen, som har utvikla ein teknologi som kan gi pasientar med livmorkreft betre behandling. Pris til forskar gjekk til Dag Aarsland, som har forska på demens og Parkinsons sjukdom.

Av Siri Tjessem Fjælberg, Helse Vest RHF


Frå venstre Baard-Christian Schem, fagdirektør Helse Vest, adm.dir Bård Lilleeng Helse Stavanger på vegner av Dag Aarsland, Aud Berit Alsaker Haynes, nestleiar i Helse Vest sitt styre og vinnarane Helga Salvesen og Lars A Akslen. Foto: Silje Katrine Robinson.
Helse Vest sin niande Forskingskonferanse blir arrangert på Os ved Bergen torsdag og fredag. Som vanleg er høgdepunktet utdelinga av forskingsprisane.I år var det andre gongen at Innovasjonsprisen blei delt ut, og professorane Helga Salvesen og Lars A Akslen delte prisen. Dei to har utvikla ein ny teknologi som kan gi pasientar med livmorkreft betre og meir skreddarsydd behandling. Teknologien kan identifisere livmorkreft i ein tidleg fase.

Takkar kvinnene for prisen
– Eg takkar først og fremst alle kvinnene som har gitt prøver og  gjort det mogleg å forske på dette. Eg takkar også alle som eg arbeider med dagleg, både gynekologar, kirurgar og sjukepleiarar, som passar på at alt går som det skal. Dette er ei stor verdsetjing for oss alle. Det er ekstra gledeleg å ha lykkast i noko ein har arbeidd med i så mange år, seier Helga Salvesen. I dag er ho overlege ved kreftseksjonen ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen. Ho har i om lag 25 år arbeidd tett saman med kollega og prisvinnar Akslen.

– Det er ein kontinuerleg prosess å utvikle god behandling for desse kreftpasientane. Det viktigaste er at vi no har ny teknologi som vi kan bruke både i etablert behandling, og vi kan tilpasse kunnskapen til ny behandling, fortel Salvesen.

Innovasjon for framtida
Teknologien har fått interesse frå USA og det er inngått ein lisensavtale med eit amerikansk selskap for å kommersialisere markøren for denne forma for kreft. Komiteen som har tildelt prisen, skriv at prisen vil gi eit bra signal til dei som driv med klinisk forsking og at dei må tenkje innovasjon og praktisk nytte av forskinga for pasientane.

– Det er bra når praktisk medisin kan brukast innanfor innovasjon, og at det til slutt kjem pasientane til gode i behandlinga. Vi har ikkje lang tradisjon for å utvikle forskingsresultat i innovasjonssamanheng i Noreg, men det er utruleg viktig å tenkje slik framover. Det er flott det er oppretta ein slik innovasjonspris og det er flott å få ein slik pris, seier Lars A Akslen.

Dag Aarsland vann Pris til forskar 2011

Ein drivkraft for dei eldre
– Det er utruleg inspirerande for oss som arbeider med forsking, å bli verdsett på denne måten. Det blir ikkje skrive så mykje om demens, sjølv om dette er eit viktig og uhyre spennande emne, seier professor dr. med. Dag Aarsland i ein kommentar.

Aarsland er forskingssjef ved Regionalt senter for eldremedisin og samhandling i Helse Stavanger, og prisen har han blant anna fått fordi han har vore ein nøkkelperson for etablering av forsking på demens og på Parkinsons sjukdom. Forskinga hans leier blant anna til ei betre og meir presis forståing av dei forskjellige hjerneorganiske tilstandane som ligg til grunn for demens som symptom.

Komiteen som har vurdert dei innkomne søknadene skriv blant anna at Aarsland gjennom fleire år har arbeidd med klinisk forankra forsking og har vore ein betydeleg drivkraft for oppbygging av eit alderspsykiatrisk miljø ved Stavanger Universitetssjukehus, Helse Stavanger. Komiteen peiker òg på at professoren har vore rettleiar for fleire doktorgradskandidatar som har disputert.

Nestleiaren i Helse Vest sitt styre, Aud Berit Alsaker Haynes, delte ut prisane under Forskingskonferansen. Bård Lilleeng, administrerande direktør i Helse Stavanger, tok i mot prisen på vegner av Aarsland, som var forhindra i å delta på konferansen.

Fakta om Forskingskonferansen

  • Forskingskonferansen blir halde kvart haust i regi av Samarbeidsorganet i Helse Vest, som består av Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen og Helse Vest.
  • I år var det niande gongen at konferansen blei arrangert. Kvart år blir det delt ut ein Innovasjonspris og ein Forskingspris
  • Forskingsprisen blir delt ut kvart tredje år til yngre forskar (under 35), til forskingsmiljø og til  forskar og i år er det “Pris til forskar”
  • Over 100 deltakarar var i år påmelde til konferansen, som fann stad på Solstrand på Os ved Bergen.
  • Prisane er på 100.000 kroner for Innovasjonsprisen og 100.000 kroner for Forskingsprisen, i tillegg til eit kunstverk til kvar.